Det står eit dikt på spel

Det står eit dikt på spel

Alt eg vil er å vere der
når diktet kjem
Diktet om å gå på alle fire
øvst i eit bratt heng
Den minste bevegelse
og steinane rullar nedetter sida
Det at lyden aldri stilnar
Utsynet begynner å blinde
Fallhøgda veks i helane på deg

Denne kjensla av ras
og at berre eit dikt kan redde deg

Torunn Torgersrud

Legg igjen en kommentar